Første barneturnering i Sognefjord Sjakklubb gjennomført!
Seks unge spelarar i alderen 5 til 11 år deltok i den første barneturneringa i regi Sognefjord Sjakklubb, 27. oktober 2026. Dette var ei tematurnering, der alle partia starta med italiensk, roleg opning (e4...e5, Sf3...Sf6, Lc4...Lc5). Det vart spelt fire rundar med tidskontroll 8+0. Til premie fekk alle deltakarane ei drikkeflaske og ein buff sponsa av Sognekraft og Sognenett. Tusen takk for flotte premiar! Når vi først er inne på sponsorar, vil vi også rette ei stor takk til Rockethouse Sogndal, for utlån av lokale til klubbkveldane våre. Her storkosar vi oss kvar tysdag, frå klokka 17.30-19.30.
Det blir ei ny turnering for barn i desember, så om fleire vil vere med neste gong er de hjarteleg velkomne som medlemmer av klubben vår. Gå til fana "Medlemskap" for informasjon om kontingentsatsar og innmelding.